Heim


Av grønstein har vi 3 plater, storkeik 2300x1300x33 mm. Dette er basalt stein med flott struktur som viser det som skjedde for ca. 500 mill. år sidan. Då lava kom opp og storkna under sjø. Dette gav den raudfargen hematitt. Her er kvite gongar med karbonat, og grønfargen kjem frå kloritt og amfibol. Steinen har namn Mon Amour.

Laila Landøy

Of greenstone we have 3 slabs, size 2300x1300x33 mm. This is basalt stone with great structur, that shows what happend 500 mill. years ago. When lava came up and harden under sea. This gav it the red colour hematite. There is white stripe with carbonate, and the green colour is from chlorite and amphibole. The stone has the name Mon Amour.


NORSK NATURSTEIN.

I vår produksjon hjelper vi deg med det meste innan stein til interiør og eksteriør. Vår spesialitet er steintypen Black Beauty. Klikk på linken oppe til venstre, så vil du få vite meir om steinen. Vil du ha noko utanom det vanlege i markedet, som er holdbart, slitesterkt og ikkje minst norsk, så er Black Beauty noko for deg. Vi leverer produkter ferdig tilskåret og polert til montering- etter mål. Det er like enkelt å montere stein som treverk til benkeplater, vindusbrett og liknande. 

Eit steinkast vest for Askvoll i Sogn og Fjordane, ligg Værlandet; eit lite øysamfunn tufta på kampånd og gjenstand for mektige naturkrefter. Øya er eit interessant og spesielt område av norsk geologi, så "steinrøysa neri´ bakken" er ikkje berre gråstein for vi som driv her ute. Det er heller eitt unikt naturprodukt med mange og ulike bruksområder. Vi bearbeider norsk naturstein som vi tek ut av eige brudd. Vi tilbyr kvalitet og eksklusivitet og set deg som kunde i sentrum for våre handlingar. Fleksibilitet gjev rom for dei fleste løysningar, tilpassa dine behov og ynskje. 

Sist endret 19.06.2017